Valet er over – frå klimaprogram til klimahandling med Arbeidarpartiet ved roret
av: Anne Marit Godal - leder av Klima- og miljøutvalget i Østfold Arbeiderparti
På butikken i går møtte eg ei kjenning. Ho var letta over valresultatet: Endeleg var det høve til endring! Samtidig var ho bekymra - for var det sannsynleg at Arbeidarpartiet ville ta miljø og klima alvorleg nok? På eitt vis forsto eg spørsmålet. Det er vel kjend at det tradisjonelt har vore litt ulike syn i Arbeidarpartiet mellom miljøinteresser og industriinteresser. Men no, i 2021, går desse sakene hand i hand. Vi har arbeida fram eit partiprogram med ein politikk som både vil sikre klimaet og arbeidsplassane.
Programmet slår fast at klima og natur skal være fundament og ramme for all politikk vi står for. Det er det for så vidt mange «miljøparti» som seier. Men med alle ideal må det følgje praktisk og heilskapleg politikk, og det er her Arbeidarpartiet har sin største styrke. I programmet har vi meisla ut den praktiske politikken som må til. Mange av løysingane på klimautfordringane ligg nett i industrien. Dei finst hos menneska som arbeider her, som skal utvikle og arbeide med morgondagens utsleppsfrie arbeidsplassar. Som vi skriv: «Norge har menneskene, kompetansen og økonomien som nå trengs. Vi har en industri som kan bruke ren, norsk energi, og som kan resirkulere langt mer av ressursene enn i dag.» Det er i oljeindustrien vi finn den mest avanserte teknologien og kompetansen – og det er denne vi må stå på skuldrane av for å byggje opp nye og grøne næringar. Om vi ikkje startar jobben i dag – så vil vi hamne på etterskot i verdsmarknaden. Vi vil rett og slett tape sjansen til å skape arbeidsplassar. Den risikoen tar ikkje Arbeidarpartiet. Arbeidarpartiet har heller utvikla ein konkret industripolitikk for å få utvikla klimaløysingane verda treng. Noreg skal bli best til å fange og lagre karbon. Vi skal utvikle ein batteriteknologi som sårt trengst i alle el-satsingane. Vi skal utvikle havvind for å skape energi, og vi skal liggje først med skipsfart utan utslepp. Vi skal bli eit utstillingsvindauge for utsleppsfri næringstransport. Og vi vil bruke offentlege innkjøp og statleg eigarskap for å skape marknader for klimavenlege produkt. I den store jobben det er å omstille samfunnet, er det Arbeidarpartiet som har det aller største truverdet. Vi har bygd landet frå fattigdom til velstand. Vi har skapt ein oljeøkonomi som bygde samfunnet framfor å tene private kapitalistar. No skal vi klare å byggje den bærekraftige og rettferdige økonomien.